Våre kundar seier...
Oksar på gummispalt (Cobiotex Biofilm)
Inger Synnøve og Magnus Johnsen, Re i Vestfold og Telemark
Synnøve og Magnus leverer 600 storfeslakt i året basert på framfôring av egen og innkjøpt kalv. Oksane går i storbingar med 30-40 i kvar binge på spalt med gummi. Dette gjev eit godt miljø med god dyrevelferd, men ein ustabil bakterieflora har ført til mykje klauvspalteinfeksjonar som gjev feber og haltheit. Etter å ha brukt Cobiotex Biofilm ei gong i veka i meir enn eitt år er no problemet i praksis borte. Betre dyrevelferd, mindre antiobiotika og mindre arbeid. Cobiotex Biofilm har hjelpt oss med eit stort problem.
Sau på talle (Cobiotex Biofilm)
Georg Moen, Tresfjord, Møre og Romsdal fylke
Georg har ei lita sauebesetning på talle. Det er det beste underlaget for sauen, men forbruket av strøflis er stort om det skal haldast tørt ved etefronten. I periodar blei det også mykje ammoniakk i fjøset. Etter å ha brukt Cobiotex Biofilm i eitt år ser han store endringar. Strøforbruket er sterkt redusert og det er tørt og fint også ved etefrontane. Ammoniakken er borte og luftkvaliteten er god. Etter at talle er køyrt ut, ser han at omdanninga av talla går raskare enn før og den er klar for utkøyring på enga fyrste sommaren.
Mjølkeproduksjon (Tracesure bolus)
Renate Ottersen, Tjøme, Vestfold og Telemark fylke
Tracesure bolus til kyrne har forbetra kalvehelsa hos Renate Ottersen som har omlag 45 kalvingar på NRF i året. Dyrlege Kasper Horn kontakta oss med spørsmål om det kunne vera sporemnemangel som var årsak til dårleg kalvehelse. Vi såg på grovfôranalysene at det var mykje molybden og lite av selen, jod og kobolt. Renate har observert at etter at nedlegging av Tracesure bolus er innført som rutine, er ikkje berre kalvane mykje friskare, men også jurhelsa. Råmjølka blir målt ved kvar kalving og Renate har observert at kvaliteten er stabilt god, etter at mineralmangelen er korrigert. Betre dyrehelse, betre dyrevelferd og mindre antibiotika.
Villsau på lyngbeite (Tracesure bolus)
Hilde Buer, Værlandet, Vestland fylke
Hilde Buer og Anders Braanaas har ein flokk på om lag 200 villsau som tradisjonelle utegangarar langt vest i havet på Værlandet i Askvoll kommune. Hilde er ein nestor på utegangarsau i landet og har stor kunnskap om stell av lynghei og kva som skal til for å få sauen til å trivast der. Hilde og Anders legg ned Tracesure bolus to gonger i året og gjev Pardevit E til lamma på våren. Dei ser at det gjer dyra sterkare og meir produktive. Dei produserer gode lam trass i at det berre blir gjeve fôr i nødsituasjonar med ekstremt vèr. Flokken ber preg av dyr med klåre fargar, blank og spenstig ullfell noko som ofte ikkje er tilfelle på dyr med kobolt og kopparmangel.
Blautgjødsel sau (Slurrybugs)
Bjarne Øvstedal, Tresfjord, Møre og Romsdal fylke
Røring av gjødsellager på sauebruket er ofte ei utfordring. Sauen har avføring med høgare tørrstoffinnhald enn storfe og ofte kjem det ein del forrestar gjennom spaltene. Dette har også Bjarne erfart som har 200 vfs på plastrister i eit avlangt sauefjøs med 1,2m djurp gjødselgrop. Han har tidlegare ikkje fått tømt heile gjødselgropa fordi det ikkje har latt seg røre skikkeleg opp. Vinteren 2021/2022 tilførte han Slurrybugs gjennom eit rør ei gong i veka. Rundt nyttår måtte han ta ut ein del vatn då det begynte å bli for fullt, så ved røring sommaren 2022 hadde gjødsla mindre vassinnblanding enn tidlegare. Likevel gjekk røringa greit og han fekk tømt heile gjødsellageret, så det ser ut til at bakteriane i Slurrybugs har klart å løyse opp fiber og skapt ein konsisten av sauemøkka som er betre enn tidlegare.
Sau og ammeku (Tracesure bolus)
Carina Fjære, Grimstad, Agder fylke
Carina Fjære har 130 vfs og 15 ammekyr i Grimstad på Sørlandet. Carina er svært fornøgd med dyra sine etter å ha brukt Tracesure til både sau og storfe i nokre år. Fruktbarheit, tilvekst og livskraft på dei nyfødte er ho godt fornøgd med og syns det er ein praktisk og lettvint måte å sikre dyra dekning på dei kritiske sporemna selen, jod, kobolt og koppar. Særleg har ho lagt merke til at koppar er nødvendig - ikkje berre til ammekyrne, men også til sauen. Dette viser seg ved at ulla har god kvalitet med spenst, glans og farge, men ikkje minst ved at lamma veks godt på heimebeite.
Svake nyfødde lam (gode råd)
Arne Grindheim, Etne i Vestland fylke
Arne har ein flokk på 150 sau i storbingar og kraftfôrautomat. Han syns han har hatt for mange svakfødde lam som daudar kort tid etter fødsel. Han tok ut blodprøver som viste at dyra ikkje hadde nemneverdige avvik på blodverdiane. Grovfôranalysene viste derimot høge kaliumnivå og låge magnesiumnivå. På grunnlag av dette fekk Arne råd om å auke magnesiumtildelinga. Utfordringa er å finne produkt som passar til storbinge med fôringskasse og han har ikkje løyst dette enda. Mogleg tilføring av magnesium på enga kan vera eit alternativ. Etter å gitt FK makro og vitamin som er den mineralblandinga med høgast magnesiuminnhald, ser han at søyene lammar raskare og lettare. Lamma er piggare og andelen som daudar fyrste døgnet har gått ned. Vi diskuterer med Arne om nedlegging av Tracesure bolus i god tid før lamming kan gje enda betre livskraft.
Dårleg tilvekst oksar (gode råd)
Alf Andreas Josdal, Lund i Rogaland fylke
Alf Andreas Josdal fôrar fram alle kalvar frå si angusbesetning med om lag 50 kalvingar i året. Han har Lely foringsautomat som blandar grovfôr, kraftfôr og mineralar. Trass i grundig gjennomgang av fôrplan, tilpassing av kraftfôr til grovfôr, så har tilvekst og framfôringstid ikkje vore som forventa i ein lengre periode. Som kunde av oss i fleire år, tok vi derfor i desember 2021 initiativ til eit diskusjonsmøte med Alf, besetningsdyrlege Maren Ommundsen og fôringsrådgjevar Maren Bjorland frå Fiskå. Biovet organiserte leveranalyse for koppar frå nokre av Alf sine slaktedyr, og Maren Bjorland hadde samla alle grovfôranalysene. Vi konkluderte med at det sannsynlegvis var kopparmangel som årsaka dårleg tilvekst og laus avføring på dyra i oksefjøset. Hovsherad er eit område med lite tilgjengeleg koppar, men Alf sitt fôr har truleg mindre enn andre. Då Alf har fôrblandar blei det konkludert med at innblanding av spesialprodusert mineral med ekstra koppar ville vera den enklaste måten å teste ut hypotesen vår. Våren 2022 viser det seg at vår teori var korrekt og tilveksten og avføringskonsistensen har blitt mykje betre. Alf brukar Tracesure bolus til ammekyrne ved beiteslepp, men ser at også kalvane truleg vil trenge ekstra koppar ved slepp på utmarksbeite.