Mineralar i praksis
1
Mjølkefeber, svak kalving eller lamming, subklinisk mjølkefeber
Mykje kan skrivast om dette, men i praksis er det høgt kaliuminnhald som er problemet - ofte saman med lågt magnesium. Ofte får også sinkyr/ammekyr unødvendig mykje kalk før kalving. Kalium hemmar opptak av magnesium. Underdekning på magnesium fører til at kalk blir vanskelegare å mobilsere frå skjellettet under lamming eller kalving. Moderat kalkmangel under fødsel gjev treg kalving/lamming på grunn av svak samantrekning av livmora. Større kalkmangelen gjev mjølkefeber.NB! Kalium er viktig for ei effektiv graseng, så du må finne balansen mellom det graset treng og det som dårleg for dyra. Nøkkelen her er balansen mellom magnesium og kalium i fôret. Spesielt fram mot kalving eller lamming.
2
Svakfødde lam og kalvar
Normalt fødde kalvar og lam skal vera på beina ganske raskt og suge tak i spenen. Svak sugerefleks og låg livskraft hjå normalt fødde kalvar/lam årsaka av for lite selen og jod i fosterlivet. Dette kjem av at skjoldbrukskjertelen hjå fosteret ikkje produserer nok stoffskiftehormon. Dette hormonet treng jod, men for å aktivere hormonet trengs eit selenhaldig enzym. Både for lite jod og selen kan gje daudfødde, svakfødde eller seinabortar. Av og til kan slike foster ha struma.
3
God vårtilvekst, men dårleg sommartilvekst hjå lam
Vitamin B12 er nødvendig for å kunne utnytte energien i gras, og kobolt er ein nødvendig del av vitaminet. Fram mot St.Hans får lamma nok mjølk til at dei held oppe tilveksten, men etterkvart som grasinntaket aukar må lammet få nok kobolt til å kunne utnytte energien i graset. Koboltmangel gjev skurver på øyrene, blass og dårleg ull. Påverkar også motstandskraft mot parasittar og lamma kan bli fort blodfattige og svake.
4
Mykje molybden og jern i gras
Molybden og jern minskar utnyttinga av koppar i graset. Høgt innhald av desse vil derfor auke risikoen for kopparmangel. Svært lågt innhald kan gje kopparforgiftning. Kopparmangel er utbreidd langs heile kysten, men er ikkje eit problem i innlandet. Kopparmangel gjev seg uttrykk på mange måtar og illusterer kor viktig koppar er. Storfe som ikkje slepper vinterpelsen på sommaren eller som ser lurvete ut, har svært ofte kopparmangel.
5
Tomme påsettlam
Påsettlam har stort sett ete gras og drukke mjølk. Dei treng derfor tilskott av selen, jod og kobolt for å ta seg. Langs kysten vil koppar gje betre fruktbarheit. Har du meir enn 4-5 % av påsettlamma som er tomme, så er det for mykje.
6
Brunst og fruktbarheit kviger og kyr
Skal du sikre god fruktbarheit på kyr og kviger på beite, må dei få tilskott av selen, jod, kobolt og i mange områder også koppar.