Mineralmangel

Mineralane inngår i nødvendig kroppsfunksjonar og rett mineralinntak er derfor nødvendig for dyrevelferd, produksjon og din økonomi. Ofte er ubalanse mellom mineralane eit større problem enn mangel. Symptoma på underdekning, ubalanse eller mangel kan vise seg på svært mange måtar. Graset er grunnlaget for hald av storfe, sau og geit, men graset har aldri nok av alle mineralar så tilskott er nødvendig.  

Våre produkt

Vanlege teikn på mineralmangel hos storfe, sau og geit

  • Meir enn 4-5% av påsettlam som er tomme (selen, kobolt, jod evt. koppar)

  • Lam som veks dårleg frå midten av juni trass god vårtilvekst (kobolt)

  • Sau og lam med skurver på øyrer og sår/hårlaus naserygg

  • Farga sauer med blasse fargar (koppar)

  • Dårleg og sprø ull utan spenst og glans (kobolt/koppar)

  • Kalvar med svak eller ingen sugerefleks (jod- og selenmangel)

  • Kalv som mister pelsen (fleire)

  • Storfe som slepper vinterpelsen utpå forsommaren (koppar)

  • Svarte storfe med rufsete pels og brun/raudaktig hårlag (koppar)

  • Mjølkefeber – ofte eit stykke uti laktasjonen (ubalanse makromineral)

Kva gjer du ved mistanke om mineralmangel?

  1. Start med grovforanalyser for både store og små mineralar. Det er det beste utgangspunktet , men har og begrensningar. Særleg nyttig er det å kartlegge antagonistar til koppar (molybden, svovel og jarn), kalium og magnesium. 
  2. Lag deg ei oversikt over kva dyra får i seg i dei ulike produksjonsfasane og om alle dyr har mulighet lik mengde. Sinperioden er kritisk for kyr.
  3. Selenmangel er vanleg og blodprøver for GPX (heparin) og selen (heparin) gjev eit bilde av selentilskott både tilbake i tid og i notid. Det er bortkasta pengar å ta blodprøver av dyr som ikkje har fått noko tilskott - utan tilskott vil dyra ha mangel. 
  4. Samleprøve for plasma inorganisk jod gjev korttidsbilet av jodtilskott
  5. Koppar i plasma er usikkert og er sterkt påverka av immunsystemet, men med mange dyr frå same gruppe kan det gje ein indikasjon
  6. Utprøving av tilskott er tilrådd som metode for å finne ut om det er mangel på noko, men ein må gje tilskott på ein måte som gjer at ein veit at alle dyra har fått nok. Dette utelukkar ad lib løysingar og krev injeksjon, drench eller bolus.

Tracesure® bolus - effektivt tilskott

Du legg ned Tracesure® bolus til sau, geit og storfe med inngjevar. Det lekk sporemne ut etterkvart som vomvæske trenger inn. Tracesure® har på grunn av dette ei rekke fordelar framfor andre tilskottsformer og andre typer bolus:

  • Dei løyste sporemna blir raskt tatt opp i blodet
  • Konstant frigjeving under alle forhold og i alle dyr
  • Alle dyr får like mykje tilskott og dermed lik forutsetning til å vekse, produsere og yte
  • Mindre variasjon i miljø og fôring gjer det lettare å selektere dei rette dyra for avl
  • Kontroll på frigjeving gjer at innhaldet av potensielt giftige emne som selen kan vera høgare enn i andre bolus på marknaden
  • Bolusen smuldrar ikkje opp og blir mindre, men den held form og vekt i heile den aktive levetida. Dette gjer at risikoen for at dyret mister bolusen er veldig liten
  • Etter at vomvæske har trengt gjennom så sveller den opp og flyt opp i vomma og blir spytta ut. Då er bolusen tom.

Brukt bolus

 

Etter at vomvæske har trengt gjennom bolusen vil den svelle opp og til slutt flyte opp i vomma og bli gulpa opp. Du kan deretter finne den på fôrbrett eller i liggebåsen. Holet i midten er der koboltpluggen satt. Ingen restar blir liggande igjen i vomma (nettmagen). 

Tracesure bolus får du til geit, sau, lam, kalv og storfe

Tracesure bolus til storfe

Bolus som inneheld selen, jod, kobolt og koppar (kan også få den utan koppar) for storfe over 200 kg. Du gjev ei dose 200-550kg og to doser for dyr over 550 kg. Dyr over 750kg kan få tre doser dersom erfaring viser at to ikkje er nok. Beste praksis for nedlegging er:

  • Kviger og ungdyr >200 kg ved beiteslepp
  • Kviger ved eitt år (omlag to mnd før inseminering)
  • Kviger to mnd før kalving
  • Kyr ved avsining 
  • Ammeku: Ved utslepp og innsett eller to månader før kalving. 

 

 

 

 

Klikk her for meir info om Tracesure

Tracesure bolus til kalv

 
Bolus med selen, jod, kobolt og koppar til kalv (ikkje ammekalv) frå 75 kg. Sikrar småkalv optimal utnytting av beite då desse har stort behov for tilskott av selen, jod, kobolt og koppar. 

Beste praksis:

  • Legg ned bolus ved 75 kg og i god tid før beiteslepp
  • Kalv over 200 kg bør frå Tracesure Cattle 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk her for meir info om Tracesure

Tracesure bolus til sau og lam

Ein liten, men effektiv bolus til sau og lam over 20 kg. Bidreg til friske søyer og livskraft og tilvekst på lamma.

Beste praksis:

  • Til påsettlam etter sanking
  • Til søyer etter sanking
  • Søyer omlag to månader før lamming
  • Utegangarsau to gonger i året med omlag seks månader mellomrom
Klikk her for meir info om Tracesure

Pardevit flytande vitamin og mineral

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. In sed nibh lacus. Aliquam erat volutpat. Fusce tincidunt sem non ligula volutpat, vitae tempor purus sollicitudin. Integer magna sem, ornare quis hendrerit suscipit, commodo luctus lectus. Etiam nisi diam, tristique mollis vulputate dignissim, venenatis sit amet mauris.

Les meir

Mistenkjer du mineralmangel, ta gjerne kontakt med oss!

Me vil hjelpe deg vidare og kan samarbeide med din eigen fôringsrådgjevar og veterinær.

Kontakt oss