Vanlege teikn på mineralmangel hos storfe, sau og geit

  • Meir enn 4-5% av påsettlam som er tomme (selen, kobolt, jod evt. koppar)

  • Lam som veks dårleg frå midten av juni trass god vårtilvekst (kobolt)

  • Sau og lam med skurver på øyrer og sår/hårlaus naserygg

  • Farga sauer med blasse fargar (koppar)

  • Dårleg og sprø ull utan spenst og glans (kobolt/koppar)

  • Kalvar med svak eller ingen sugerefleks (jod- og selenmangel)

  • Kalv som mister pelsen (fleire)

  • Storfe som slepper vinterpelsen utpå forsommaren (koppar)

  • Svarte storfe med rufsete pels og brun/raudaktig hårlag (koppar)

  • Mjølkefeber – ofte eit stykke uti laktasjonen (ubalanse makromineral)

Kva gjer du ved mistanke om mineralmangel?

  1. Start med grovforanalyser for både store og små mineralar. Det er det beste utgangspunktet , men har og begrensningar. Særleg nyttig er det å kartlegge antagonistar til koppar (molybden, svovel og jarn).
  2. Lag deg ei oversikt over kva dyra får i seg i dei ulike produksjonsfasane og om alle dyr har mulighet lik mengde. Sinperioden er kritisk for kyr.
  3. Selenmangel er vanleg og blodprøver for GPX (heparin) og selen (heparin) gjev eit bilde av selentilskott både tilbake i tid og i notid.
  4. Samleprøve for plasma inorganisk jod gjev korttidsbilet av jodtilskott
  5. Koppar i plasma er usikkert og er sterkt påverka av immunsystemet, men med mange dyr frå same gruppe kan det gje ein indikasjon
  6. Utprøving av tilskott er tilrådd som metode for å finne ut om det er mangel på noko, men ein må gje tilskott på ein måte som gjer at ein veit at alle dyra har fått nok. Dette utelukkar ad lib løysingar og krev injeksjon, drench eller bolus.

Mistenkjer du mineralmangel, ta gjerne kontakt med oss!

Me vil hjelpe deg vidare og kan samarbeide med din eigen fôringsrådgjevar og veterinær.

Kontakt oss