Våre produkt

Biovet har produkta som bidrar til eit betre miljø, auka produksjon og betre dyrehelse. Vi importerer frå marknadsleiande firma i Storbritannia og Frankrike.

Tracesure Calf®

Til kalv frå frå 75 kg som er utvikla drøvtyggarar. Bidreg til best mogleg utnytting av grovfôr og beite og god tilvekst. Kalven har høgt behov for sporemne og Tracesure Calf er ein sikker på å gje tilskott på. 

Tracesure Cattle® 

Til ungdyr, kviger og mindre kyr mellom 200 kg og 500 kg. Den sikre måten å sørge for at kviger og kyr får nok selen, jod, kobolt og koppar. Du får den også utan koppar dersom dette ikkje er nødvendig (innlandet). 

  • Tydeleg brunst
  • God fruktbarhet
  • Forutnytting og tilvekst
  • Livskraft hjå den nyfødde kalven (sterk sugererefleks)
  • God kvalitet på råmjølka

Tracesure Cattle XL® 

Til storfe over 500 kg. Ein bolus tilpassa vekta på vaksne kyr. Den sikre måten å sørge for at kviger og kyr får nok selen, jod, kobolt og koppar. Du får den også utan koppar dersom dette ikkje er nødvendig (innlandet). 

  • Tydeleg brunst
  • God fruktbarhet
  • Forutnytting og tilvekst
  • Livskraft hjå den nyfødde kalven (sterk sugererefleks)
  • God kvalitet på råmjølka

Tracesure Sheep® (50 & 200)

Til sau og lam over 40 kg. Du får den med og utan koppar. Spør oss om du treng koppar til flokken din. Generelt gjeld at heile kysten til Troms treng koppar, men ein skal ikkje langt inn i fjordane før koppar er unødvendig og kan til og med gje forgiftning. 

 

Du legg ned bolus to eller ei gong i året. Til påsettlam bør du gje etter sanking for å unngå tomme påsettlam. Til vaksne søyer gjev nokon bolus etter sanking for å få konsentrert paring og dermed tett lamming.

 

Det viktigaste for å få full effekt, er å bruke bolus før lamming og det må skje 1-2 månader før lamming. Tracesure Sheep bolus frigjev selen, jod, kobolt og evt koppar om det trengst til søya og overfører dette til lamma i fosterlivet og etter lamming gjennom råmjølka og til ein viss grad utover vårbeitet. 

 

Fordelane med Tracesure Sheep bolus til sau er blant anna: 

  • Minimalt med tomme påsettlam på grunn av god fruktbarhet
  • Konsentrert paringsperiode på grunn av god fruktbarhet (om ein ønskjer tett lamming)
  • Gjev ikkje fleire foster, men færre tomme dyr
  • Livskraftige lam ved fødsel som er raskt på beina for å suge
  • God råmjølkskvalitet og dermed friske lam med godt immunforsvar
  • God tilvekst på lamma   

Tracesure Lamb (250stk)

Til lam frå 15 kg. Sikrar opptak av selen, jod, kobolt og koppar (evt utan koppar). Liten og enkel å legge ned. Sikrar tilvekst hjå lam på beite.

Fungerer svært godt til lam som etter sanking treng meir enn eitt par månader før dei er slaktemogne. 

PardevitE (1L og 2,5L)

Til lam som ikkje er slaktemogne, men som har mindre enn eit par månader på framfôring eller beite er PardevitE rett produkt. 

PardevitE er flytande vitaming og mineraltilskott med vitamin ADE og B12, selen og kobolt. Virkar svært raskt på lam med koboltmangel og du vil kunne sjå at lamma begynner vekse. Virkar raskt, men har ingen langvarig effekt så du må dosere på nytt etter 2-3 veker.  

Easycal® Capsule

Kapsel med kalk for effektiv forebygging av mjølkefeber hjå ku. Har 40 % meir kalk enn andre produkt på marknaden. Bruk same inngjevar som Tracesure Cattle XL bolus med selen, jod, kobolt og koppar. 

 

 

 

 

 

 

Easycal® Pasta

Kalkpasta for søye og ku. Smakar ikkje vondt og er dermed lett å gje. Ideell til søyer for forebygging av mjølkefeber. 

Cobiotex® Biofilm

Eit pulver med frysetørka positive bakteriestammer som har spesielle og dokumenterte egenskapar. Du blandar pulveret i vatn og sprayer det i fjøset. Dei konkurransesterke gode bakteriane vil raskt etablere seg i miljøet. Då mange av utfordringane i fjøsmiljøet er knytt til uheldig og usunn bakteriflora, vil Cobiotex gje deg mange fordelar.

  • Utkonkurrerer potensielt sjukdomsframkallande bakteriar og gjev derfor mindre sjukdom på dyra
  • Bakteriane i Cobiotex produserer organiske syrer som hemmar bakterievekst (Optimaprodukta er basert på organiske syrer)
  • Cobiotex hemmar vekst av ammoniakkproduserande bakteriar og gjev dermed betre fjøsmiljø
  • Mindre ammoniakk i storfefjøs gjev lågare pH i gjødsel på golvet og dermed betre og sterkare klauver
  • Amoniakkfordamping er tap av nitrogen. Cobiotex bind amoniakk i gjødsla og aukar dermed nitrogeninnhaldet
  • Bakteristammene produserer ei rekke enzym som bryt ned plantefiber i fôrrestar og strø. Dette gjer at talla kan absorbere vesentleg meir fuktighet og dermed held talla seg tørr. Det sparer deg for kostnader til halm, flis eller anna strø

SlurryBugs®

Frysetørka bakteriekultur med enzym for tilsetting i gjødsellager. Pulveret blandast i lunka vatn og tilførast i ei stor dose innleiingsvis, deretter vedlikehaldsdosering ei gong i veka. Aukar aerob omsetning i gjødsla og reduserer næringstap ved ammoniakkfordamping. Minskar lukt og aukar verdien av gjødsla.

  • Produserer enzym som bryt ned strø- og fôrrestar slik at blautgjødsla får betre konsistens
  • Lettare å røre opp gjødsellageret
  • Mindre behov for å tilsette vatn - mindre gjødselvolum 
  • Lettare å pumpe gjødsla i slangar
  • Mindre partiklar i gjødsla gjer at den raskare blir tatt opp i jorda
  • Auka gjødselverdi