Villsauen treng mikromineralar
Villsauverar med blankt og fint hårlag i andlet og klåre fargar, tyder på god mineraldekning
Me veit at mineralmangel er svært vanleg i flokkar som går på heilårs utegang. På grunn av sjønære beiter, så har sauen liten salthunger slik at inntaket av mineralblandingar og mineralstein blir altfor lågt til å dekke behovet. Dette går ut over livskraft, kondisjon, kvalitet på ull og ikkje minst tilveksten på lamma.
Det tydelegaste teiknet på mineralmangel er skurver på øyrer og blass sprø ull. Hårlaget i hovud og andlet manglar glans og dyra ser livstrøytte ut.
BioVet har i ei årrekke levert effektive løysingar for villsauen som har sikra dyrevelferd og produksjon. Dessverre gjekk produktet ut då Animax i fjor la ned produksjonen av Tracesure sauebolus. Me har no sikra oss ein ny leverandør frå skotske Rumbol.
Rumbol produserer sauebolusen Reliabol som er litt større enn Tracesure, men likevel den minste sauebolus på den norske marknaden. Me tilrår å bruke denne på samme måten som Tracesure; det vil sei at ein legg den ned to gonger i året. Kva tidspunkt er avhengig av driftsform.
I ekstensive flokkar der ein samlar sauen berre to gonger for året så legg ein ned Reliabol til alle søyer og verar:
Ved haustsamling (sept/okt)
Ved merking av lamma (mai/juni)
I flokkar som meir vant til handtering og lett kan samlast, så blir tidspunktet for nedlegging:
Omlag to månader før paring
Omlag ein månader før lamming
Kva med påsettlam og slaktelam?
Lamma har utover sommaren aukande behov for selen, kobolt og koppar, men dessse lamma er for små til at ein kan legge ned bolus på dei. Det einaste alternativet for desse er å gje flytande vitamin og mineral. Mange har opplevd god effekt av dette. Det samme gjeld påsettlam utover hausten.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om mineralar til sau.